Økonomi

Vinn-vinn eller tap-vinn?

Økonomi og utslepp av klimagassar ved ulik fôrstyrke og slaktealder for oksar.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar økonomi i Norsk melkeråvare

Rasmus Noss Bang

Postdoktor i Samfunnsog næringslivsforsking AS

Produksjon av protein frå oksar er meir utsleppsintensiv enn produksjon av protein frå kyr og kviger.

Foto: Rasmus Lang-Ree

I forskingsprosjektet Optinorfarm der Tine deltek i saman med Samfunns- og næringslivsforskning, Nibio, NLR og Nortura har vi rekna på økonomi og klimautslepp ved ulik fôrstyrke og slaktealder for oksar. Det blir ofte hevda at sterk fôring med kraftfôr og låg slaktealder er eit såkalla vinn-vinn tiltak som gjev betre økonomi og lågare utslepp av klimagassar. I denne artikkelen testar vi om denne tommelfingerregelen gjeld i alle høve, eller om det kan oppstå tap-vinn og vinn-tap situasjonar avhengig av forholda på bruket.

Føresetnader

I Buskap nummer 5 og 6 gjorde vi greie for ein modell av ein gard for å samanlikne lønsemda i konvensjonell og økologisk drift, og i denne artikkelen brukar vi den same modellen og det same eksempelbruket, sjå faktaramma på side 110.

Som mål på utsleppsintensitet brukar vi kilo CO2 - ekvivalentar pr. kilo protein produsert i kjøt og mjølk, i staden for pr. megajoule energi produsert. Kjøt inneheld meir protein enn energi pr. 100 gram vare jamført med mjølk, og ved å måle utslepp pr. kilo protein kjem kjøt såleis litt betre ut i samanlikninga. Det er viktig å merke seg at ein reduksjon i utslippsintensitet ikkje nødvendigvis betyr lågare klimagassutslipp, då lågare utslippsintensitet kombinert med høgare produksjon kan føre til auke i dei totale utslippa dersom produksjonsauken er stor nok.

I klimagassberekninga tek vi med brorparten av utsleppa, det vil seie dei delene som er knytte til dyr, kraftfôr, husdyr- og handelsgjødsel, elektrisitet og diesel, men ikkje utslepp til til dømes produksjon av bygningar og maskiner. Som mål på økonomien brukar vi samla dekningsbidrag inkludert tilskott. I døma har vi sett mjølkeavdråtten pr. årsku til 9 000 kilo EKM uavhengig av slaktealder på oksane, og grovfôrkvaliteten er 0.89 FEm pr. kilo mjølk. Eventuelt grovfôrareal som er til overs vert leigd ut til 432 kr pr. dekar.

Effekt av auka slaktealder for NRF- oksar utan innkjøp av oksekalv

Figur 1: Dekningsbidrag (y-aksen til venstre) med tilhøyrande utslepp av klimagassar per kilo protein produsert i mjølk og kjøt (y-aksen til høgre) ved aukande slaktealder for NRF-okse langs x-aksen. Døme utan innkjøp av oksekalv.

Langs den blå lina i figur 1 ser vi på den venstre y-aksen korleis dekningsbidraget på bruket utviklar seg. Etter kvart som slaktealderen aukar frå 13 månader langs x-aksen, aukar samla dekningsbidrag jamt heilt opp til 19 månader. Årsaka er at produksjonen av oksekjøt aukar heilt opp til 19 månader fordi eksempelbruket har tilstrekkeleg grovfôr og plass til å fôre fram alle fødde oksekalvar. Tal slakt produsert pr. år vert likt anten ein slaktar oksane ved 13 månader eller 19 månader, men ved 19 månader kan oksane nytte langt meir grovfôr som vanlegvis er billegare enn kraftfôr. Om bruket hadde hatt mindre fjøsplass eller mindre grovfôr ville ein lågare slaktealder kome betre ut økonomisk.

«ved val av slaktealder for oksar er det viktig å ta omsyn til forholda på bruket»

Utsleppsintensiteten aukar med aukande slaktealder

Langs den oransje lina i figur 1 ser vi på den høgre y-aksen at utsleppsintensiteten aukar med aukande slaktealder. Årsaka er at den samla produksjonen av oksekjøt aukar heilt opp til 19 månader, og i tillegg vert ein aukande andel av fôret nytta til vedlikehald etter kvart som oksen vert eldre. Samla sett har vi ein vinn-tap situasjon, med betre økonomi og høgare utsleppsintensitet etterkvart som slaktealderen aukar, og motsatt ved lågare slaktealder.

Effekt av auka slaktealder for NRF-oksar ved innkjøp av oksekalv

Figur 2: Dekningsbidrag (y-aksen til venstre) med tilhøyrande utslepp av klimagassar per kilo protein produsert i mjølk og kjøt (y-aksen til høgre) ved aukande slaktealder for NRF-okse langs x-aksen. Døme med innkjøp av oksekalv.

I figur 2 ser vi på effekten av auka slaktealder når bruket kjøper inn oksekalvar i tillegg til å fôre fram eigne. No føreset vi at bruket kan kjøpe inn nye fôringskalvar kontinuerleg etter kvart som oksane vert slakta. Dermed vil alle båsplassar til oksar vere i bruk til ei kvar tid, så lenge det er nok tilgang på grovfôr. Fri tilgang på oksekalvar gjer at ein kan levere fleire slakt pr. båsplass ved låg slaktealder samanlikna med høg slaktealder, noko som kan bidra til betre økonomi og lågare utsleppsintensitet.

Frå 15 månader minkar dekningsbidraget

Langs den blå lina i figuren ser vi at det samla dekningsbidraget er høgare enn i figur 1, fordi produksjonen av oksekjøt er høgare. Ved 13 månader slaktealder utnyttar bruket alle båsplassane for oksar og kviger, men har grovfôr til overs. Når slaktealderen aukar til 15 månader nyttar bruket framleis båsplassane godt, og slepp å redusere tal slakt i like stor grad som ein måtte ha gjort dersom det var for lite grovfôr. Dermed blir dekningsbidraget om lag uendra mellom 13 og 15 månader. Frå 15 månader og oppover minkar tal slakt produsert fordi grovfôrtilgangen vert ein flaskehals, og dermed kan ein ikkje kjøpe inn like mange oksekalvar. Sjølv om dekningsbidraget pr. okseslakt aukar opp til 19 månader, kompenserer ikkje denne auken for inntektstapet som følgje av færre slakt, og det samla dekningsbidraget minkar jamt frå 15 til 19 månader.

«Låg slaktealder kan løne seg økonomisk dersom ein har høve til å auke antal slakt pr. år»

Oksekjøt gjev høgare utslepp

I våre døme reknar vi på dei samla utsleppa frå produksjonen av mjølk og kjøt. Det vil seie at vi ser på eit vekta snitt av utsleppa i dei ulike delene av produksjonen. Produksjon av protein frå oksar er meir utsleppsintensiv enn produksjon av protein frå kyr og kviger. Langs den oransje kurva ser vi at utsleppsintensiteten er høgare enn i figur 1, fordi produksjonen av protein frå oksekjøt no er større i høve til produksjonen frå kyr og kviger. Frå 13 til 17 månader aukar utsleppsintensiteten trass i at produksjonen av oksekjøt minkar, fordi ein stadig større del av fôret går med til vedlikehald. Frå 17 til 19 månader ser vi derimot at utsleppa per kilo protein minkar litt. Årsaka er at at utsleppa frå oksar får mindre å seie for dei totale utsleppa frå bruket etter kvart som produksjonen av oksekjøt minkar.

Lågare slaktealder og høgare kraftfôrstyrke ikkje alltid vinn-vinn

Døma våre syner, ikkje uventa, at ved val av slaktealder for oksar er det viktig å ta omsyn til forholda på bruket. Om ein berre fôrar fram oksekalvar frå eigen buskap, kan høg slaktealder vere lønsamt om ein har tilstrekkeleg grovfôr og fjøsplass. Derimot vil utsleppsintensiteten auke med aukande slaktealder.

Låg slaktealder kan løne seg økonomisk dersom ein har høve til å auke tal slakt pr. år, til dømes ved å fôre fram fleire eigne oksekalvar eller ved å kjøpe inn fôringskalv. Ein føresetnad er at bruket har tilstrekkeleg båsplassar og grovfôr. Låg slaktealder frigjer grovfôr ein kan nytte til å fôre fram fleire oksar, og meir intensiv framfôring fører òg ofte til at klimagassutsleppa målt pr. kilo protein produsert minkar. Lågare slaktealder og høgare kraftfôrstyrke kan følgjeleg vere eit økonomisk og klimamessig vinnvinn- tiltak, men ikkje under alle omstende.

Eksempelbruket

Gardsmodellen vel den driftsmåten som gjev høgast mogleg dekningsbidrag inkludert tilskott ved å variere avdråttsnivået for kyr frå 5 000 til 12 000 kilo, og oppfôringstida for oksar frå 3 til 19 månader. Eksempelbruket er konvensjonelt og har 280 dekar dyrka jord og 70 dekar beite og ligg på Jæren. Mjølkekvoten er 274 000 liter, med plass til 36 mjølkekyr pluss fullt påsett, og grovfôravlingen tilsvarar 700 fôreiningar pr dekar dyrka jord. Jord som ikkje vert brukt kan leigast ut til 432 kr pr dekar. Økonomitala byggjer på jordbruksavtalen 2023/2024, og fôrplanane er laga i Norfor.